Vil du vere med og skape scenekunst for heile Vestland?

Ledig stilling som teknisk sjef

Teater Vestland er eit nynorsk turnéteater som skaper profesjonell scenekunst på vestlandske

dialektar. Frå basen vår i Nynorskhuset i Førde produserer og formidlar vi teater på eigne scener, på

turné i heile Vestland og i samarbeid med andre. I tillegg er vi ein aktiv kulturarena med gjestespel,

teaterkafear, konsertar og eit variert program av andre arrangement og aktivitetar.

No søkjer vi ein trygg og utviklingsorientert teknisk sjef som kan leie menneske, økonomi og

tekniske leveransar. Du skal bidra til at kunstnarlege ambisjonar blir realiserte på ein trygg og

økonomisk forsvarleg måte. Stillinga rapporterer til direktør og vil vere ein del av leiargruppa.

Som teknisk sjef får du ansvar for eit fagmiljø med høg kompetanse innan sceneteknikk, lys, lyd,

AV, snikkarverkstad, smie, målarverkstad, kostyme og rekvisitt.

Dine viktigaste oppgåver

• Ha personalansvar og leie, koordinere og utvikle medarbeidarane og fagmiljøa i teknisk avdeling.

• Planleggje og prioritere bemanning, ressursar og tekniske leveransar i produksjonar, turné og

aktivitetar på Nynorskhuset.

• Ha ansvar for planlegging, framdrift og kvalitet i den tekniske leveransen frå idé til premiere og

turné, og sikre trygge, gjennomførbare og økonomisk forsvarlege løysingar.

• Vere ein viktig og løysingsorientert samarbeidspartnar for teatersjef, produksjonssjef og

kunstnarlege lag.

• Ha ansvar for budsjett, innkjøp, vedlikehald og investeringar på teknisk avdeling.

• Ha ansvar for HMS og tryggleik innanfor teknisk avdeling og det tekniske ansvarsområdet, og

vidareutvikle gode rutinar for verkstader, lager og bruk av teknisk utstyr.

• Bidra til den strategiske utviklinga av Teater Vestland.

Vi ser etter deg som

• har leiarerfaring og er god til å utvikle menneske og byggje lag

• har forståing for arbeidsgivaransvar og relevant lov- og avtaleverk

• har høgare utdanning eller relevant realkompetanse

• har god teknisk forståing og kan sjå samanhengen mellom ulike fagområde

• har erfaring frå teknisk drift, produksjon eller prosjektleiing og frå å koordinere menneske,

ressursar og leveransar

• arbeider strukturert, skaffar deg oversikt, tek tydelege avgjerder og har god

gjennomføringsevne

• har gode samarbeidsevner og skaper tillit

• har økonomiforståing og kan planleggje og prioritere ressursar

• er oppteken av kvalitet, tryggleik og gode arbeidsprosessar

• har interesse for samspelet mellom kunst, handverk og teknologi i scenekunst

Førarkort klasse B er nødvendig. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk.

Kvifor velje Teater Vestland?

Hos oss får du arbeide tett på dei skapande prosessane og vere del av eit sterkt og mangfaldig

fagmiljø. Du får handlingsrom til å utvikle arbeidsmåtar i eit profesjonelt teater med eit tydeleg

språkleg og regionalt samfunnsoppdrag. Vi tilbyr løn etter avtale og gode pensjons- og

forsikringsordningar.

Arbeidsstad: Førde

Stilling: Fast 100 %

Tiltreding: Etter avtale

Reiseverksemd og noko arbeid på kveld og i helg må reknast med.

Send søknad med CV til post@teatervestland.no

Søknadsfrist: 11.10.2026

Kontaktperson: Direktør Aud Marie Åsen – tlf.nr +47 47634735

Teater Vestland ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig

av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller kulturell bakgrunn.

Lenke til annonsen på FINN: https://www.finn.no/job/ad/476689325

Relaterte framsyningar